I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Vestre Slidre kommune utvida bandtvangsreglane.

Det betyr at hundar skal haldast i band frå 1. april fram til og med 10. oktober i områder der dyr har rett til å beite og faktisk beiter.

Utover dette er det bandtvang heile året: 

  • På tettstader og bustadområde
  • På område regulert til offentlege formål
  • I tilrettelagde friluftsområde.

Det er bandtvang i alle lysløyper og 3 og 10 km på Vaset. 

Hund har ikkje tilgang til barnehage, skuleområde, kyrkjegard eller offentleg bygg utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for bygget.

                                                                                                                                                                  

Se kommunens lokale forskrift