I tillegg til dei landsdekkande bandtvangsbestemmingane har Lesja kommune utvida bandtvangsreglane.

Det betyr at hundar skal haldast i band heile året: 
- På kyrkjegarder og områder i tilknyting til bustadformål, handels- og sentrumsområde
- Ved idrettsanlegg, område for leik, og offentlege badeplassar. 

Utover dette er det bandtvang fra 1. april fram til og med 1. oktober i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar.

Det er og bandtvang på og ved alle tilrettelagte skiløyper og skileikanlegg frå det tidspunktet dei blir preparert og fram til 3. påskedag.

Hundar har ikkje ha tilgang til barnehagar, skuler og skulegarder.

Se kommunens lokale forskrift