Vi har kull med fem flotte Bichon havanais-kvalpar (f. 16/5). To tisper, tre hannar. Alle er kvikke og friske. Dei vil vera leveringsklare i midten av juli (8 veker 11.juli) - eit tidspunkt som kanskje kan passe for å ta imot eit nytt firbeint familiemedlem? Ta det med i planlegging av sommaren og ta kontakt om de er interessert i ein trygg og triveleg familiehund!

Foreldre kjem frå Kennel Vaalebjønn (Senorita, mora som vi har) og Kennel House of Havanna (Monsieur Maverick , som i dag held til hos Kennel Skyggeliten). Begge foreldre er helsesjekka, augelyst og patellafri. Friske og glade hundar. Kvalpane får anbefalt ormekurbehandling, blir helsesjekka, chippa, vaksinerte og registrerte i NKK før levering. Stamtavle følgjer med.

Bichon Havanais er ein veldig populær familiehund. Vi er ein familie på fem med ungar i alderen 8, 12 og 15 som er veldig glade i våre to Bichon havanaisar. Kvalpane får mykje kos, stell og blir sosialiserte med ungar frå starten.

Vil du vita meir om rasen? Norsk Bichon Havanais Klubb: https://nbhk.info/sider.php?s=6&m=6

Om du er interessert i kvalp, høyrer vi gjerne frå deg!